Riksrevisjonen

Riksrevisjonen
Org.formEtat
Org.nr.974760843
Skipa1918
MorselskapStortinget
HovudkontorOslo
LandNoreg
TenesterRevisjon
StyreleiarKarl Eirik Schjøtt-Pedersen
Tilsette450
Nettstadhttp://www.riksrevisjonen.no
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen har sidan 1. januar 2022 vore riksrevisor i Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Riksrevisjonen har som si overordna oppgåve å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga og har omtrent 450 tilsette.[1] Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar. Noverande riksrevisor er tidlegare arbeidarparti-politikar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.[2]

Riksrevisjonen gjennomfører:

  • Rekneskapskontroll, kontrollerer korleis forvaltninga har brukt staten sine pengar.
  • Selskapskontroll, kontroll av forvaltinga av statens interesser i statsaksjeselskap og statsforetak.
  • Styringskontroll, kontroll av effektiviteten til forvaltninga.
  • Ansvarskontroll, kontroll av feil og manglar ved leiinga, kontroll av statsråden si eigarstyring i dei statleg eigde selskapa, der målet i forvaltinga er fokuset på tenesteproduksjon. Statsråden kan stillast politisk ansvarleg for feil og manglar i hans ansvarsområde.[3]
  • Rådgjeving, rettleie forvaltinga med rekneskap og økonomi.
  1. «Organisasjonen | Riksrevisjonen», www.riksrevisjonen.no (på norsk), henta 15. september 2022 
  2. «Sak», Stortinget (på norsk), 13. februar 2008, henta 15. september 2022 
  3. Johnsen, Åge (24. august 2021). «forvaltningsrevisjon». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search